Planter / Plantefamilier

Plantefamilier

Plantefamilier Chenopodium bonus-henricus - Stolt Henrik Gåsefot
Har vore nytta som matplante i fleire tusen år.
Brukte plantedeler: blad, unge skòt, frø og blomsteraks.
Meldefamilien / amarantfamilien, tett beslekta med quinoa og kan brukast på same måte, altså som ein næringsrik og smakfull slags ris. men stolthenrik-frøa er mindre enn quinoafrø.
Ifølge wikipedia er blada (særleg dei unge) rike på jern, kalsium, vitamin B1 og C.
Skal vere fin i omelett, kokt i supper og gryter, eller steikt i olje og kvitlauk eller saman med potet.
Bladene og de unge blomsterstandene brukes kokt som spinat. Ikkje alle synes blada er gode å spise rå.
Ikkje plukk Stolt Henrik i naturen - Arten er oppført på Rødlista som «nær trua». Sidan planta produserer svært mange frø, kan ein hauste nokre av dei og dyrke i hagen.

Dyrking:
Dette er ei lettdyrka og hardfør plante som truleg kan overleve ned til ca -30° C. Kan vekse i alle jordtyper. Veks godt i full sol som i skugge. Luk omkring planta tidleg på våren, så skal ho nok klare seg sjølv.
Frø kan haustast 2-3 gongar i løpet av året.

Les evt. meir hjå Skog og landskap:
www.skogoglandskap.no/fagartikler/2011/stolthenrik/
Permakulturplanter.no | Rimstadbrekka 12, 6630 Tingvoll - Norge | mail@permakulturplanter.no