Planter / Matplanter

Matplanter

Matplanter Planter Latinske navn Aronia ssp. Svartsurbær / Chokeberries
Superbæret som overgår alle i antioksidantar
Aronia er populær som prydbusk, men ikkje alle hageeigarar veit at bæra i slægten «Aronia», også kalla svartsurbær, er spiselege og «hot» i helsekost. Busken blir omlag 1,5 m høg og like brei. Den blomstrar i juni med store, kvite blomsterklaser, og har flammande raude blad om hausten. Bæra er blåsvarte og glinsande, noko større enn solbær, og sit i store klasar.

Dyrking
Aronia likar full til halv sol. Bæra er modne i september-oktober. Dei blir hengande lenge på busken og kan haustast over lang tid, også etter frost. Du kan hauste bær det fjerde året etter planting, med maksimal avling det sjette året.
Aronia er ikkje plaga av skadedyr eller sykdom. men nett mot fugl kan sommetider vere lurt.

Bruk
Aroniabær er egna til saft, juice (gjerne utan tilsett sukker), syltetøy, gelé, puré, paifyll, vin, tonic, mm. Fargen er djup mørkeraud, sterk og stabil.
Nokon liker den rå andre kun etter opvarmning. Friske bær verkar sammantrekkande på slimhinnene i munnen, utan at dette er farleg. Etter frost forsvinn mykje av den snerpete smaken. Frosne bær er gode som «sukkertøy», i smoothie eller på graut.
Bæra er rike på pektin og vil derfor få syltetøy til å stivne, utan bruk av kunstig tilsetning.

Ifølgje analyser gjort ved Universitetet i Oslo har aroniabær nesten dobbelt så høgt innhald av antioksidantar som blåbær (13,5 mmol per 100 gram). I tillegg er dei rike på jern, molybden, bor, jod og kalsium og inneheld vitamina A, E og B, i tillegg katalyserer dei C-vitamin.
Brukt som medisin av urfolk i Nord-Amerika og rundt Svartehavet.
Permakulturplanter.no | Rimstadbrekka 12, 6630 Tingvoll - Norge | mail@permakulturplanter.no